NYHETER

Gjev pris til Skåbu-ungdom

På Skåbu bygdautvals årsmøte tysdag kveld fekk ungdommen i bygda og kunst og handverkseksjonen ved Skåbu skule og tildelt prisen ”Skåbu – ei penare bygd”. Dei fekk prisen for sitt engasjement for å pynte opp i bygda og gjere ungdomsmiljøet i bygda betre.

Det var leiaren i Skåbu bygdautval, Unni Bøyum Kluge, som hadde gleda av å gi prisen til kunst og handverkseksjonen ved Skåbu skule og dei som gjekk i sjuande til tiande klasse i 2005.

Lokale tema

- Forslaget til prisen har kome frå folk som har komme køyrande gjennom bygda og sett dei fine heste-dekorasjonane på veggen på Skåbu skule. Dette var eit ledd i kunst- og handverkprosjektet i 2005 som hadde dølahesten som tema. Lærarane i kunst og handverk har brukt lokale tema i prosjekta sine fleire gonger. I 2005 var det dølahesten, i 2006 var det falken. Lokale tema fører tradisjoner vidare og er med på å gi skåbu-ungdommen identitet. Det i seg sjølv er også prisverdig, meinte Kluge.

Ekstra stas

Kluge refererte vidare til at skåbu-ungdommen også aktivt har teke tak i si eiga fritid ved å delta på dugnad for nærmiljøanlegget med ballbinge og BMX-rampe, og ved å ta initiativ til dekorasjon av ungdomskafeen.

- Det er alltid morosamt å dele ut positive prisar, men det er ekstra stas for oss i bygdautvalet å gi prisen til ungdommen i bygda vår. Det er flott at bygda har så positiv, aktiv og triveleg ungdom, det er noko vi må vere stolte av! Litt av æra går og til lærarane som har også har hatt ein finger med i spelet her. Kluge opplyste vidare at bygdautvalet har to prisar dei deler ut, ”Skåbu – ei penare bygd” og ”Tenk positivt”-prisen.

- Det er ikkje kvart år vi delar ut prisar, berre når nokon verkeleg har fortent det.

Inspirasjon

Prisen vart motteke av elevrådsleiar Katharina Maurstad, Emilie Margrete Sande og Silje Elserud. Dei syntes det var stor stas å få ein slik pris.

- Svært morosamt! Artig at arbeidet vårt blir lagt merke til. Vi har likt godt å arbeide med lokale tema i kunst- og handverk, og dette ga absolutt inspirasjon til å arbeide vidare med lokale tema framover, sa elevrådsleiaren. Dei to andre jentene er kunstnarane bak dei to flotte hesteteikningane som vann konkurransa i fjor vår, og som nå prydar to av veggane på skulen.

- Klart dette var morosamt! Vi liker å arbeide for å få til eit betre ungdomsmiljø, og pynte opp på skulen vår, seier Emilie og legg til at dei vart svært overraska over å få pris for arbeidet dei har gjort. Silje står bak teikninga som forslagsstillaren har sett frå vegen.

- Eg syntes det var artig berre å vinne konkurransa og få teikninga mi opp på veggen, eg. Eg hadde aldri trudd det skulle bli nokon pris i tillegg! Men det er jo morosamt da, også er det litt artig å tenke på at hestane mine tydelegvis blir sett av alle som køyrer forbi på vegen, seier ho litt beskjedent.