Start Artikkelarkiv Høg himmel på kafeen
Høg himmel på kafeen

hemsingsostre-550Høg himmel på Samvirkelagskafeen i Skåbu

 

 

Rett ofte blir det skrive i omtale av kulturarrangement at publikum ikkje kjende besøkstida si. Med andre ord: folk møtte ikkje fram slik aktørane hadde fortent. Torsdag 19. mars vart denne litt sutrete kommentaren gjort skam på under konserten på Samvirkelagskafeen i Skåbu.
Aktørar: Hemsing-systrene, Eldbjørg og Ragnhild, pianist Helge Kjekshus og den folkelege presten Per Arne Dahl, og for ikkje å gløyme, Skåbu spelemannslag. Kvelden hadde mottoet ”Ord og tone under høg himmel”. Arrangør var Skåbu spelemannslag v/Sjur Sande og Samvirkelagskafeen. Det var tredje året dette arrangement vart avvikla – ein kveld med ord og tonar i fjellbygda. Enkle og intime rammer med ein kaffikopp og nybaka kringle til sals, plastikkstolar sett opp så tett at det var uråd å setja dei tettare. Intimitet og kvalitet, ja, denne skribenten vil leggje til eit ord: eksklusivitet. Vi fekk ein stor kveld med framifrå kunstnarar.

Samvirkelagskafeen var smekkfull lenge før konserten vart opna med Torger Iverstuguns vakre og melodiøse vals ”Minne frå Stålom” – der dei profesjonelle Hemsing-systrene i hop med Skåbu spelemannslag framførte Iverstuguns komposisjon – inspirert etter ein tur åt Stålom i si tid. Publikum vart sett inn under ein høg himmel frå fyrste bogedrag. Kulturmøte var dette. Sjølvsagt er det uvanleg at tre profesjonelle musikarar kjem til fjellbygda og spelar bygdas eigen musikk, slik det vart gjort her. Ein kjenner seg opphøgda og glad når slikt skjer. Nå har Eldbjørg og Ragnhild Hemsing eit grunnlag som få andre – oppvaksne med folkemusikken  i Nord Aurdal. I dag er dei godt i gang med ei yrkeskarriere med fiolinen. Båe to studerer i Wien etter fleire års studiar her til lands, og lange dagar med øving og atter øving. Det må gi resultat. Det er fint å vera vitne til eit samspel mellom aktørarar på ulik teknisk nivå, og spelemennene i Skåbu gjer det få prøver på – spela musikk med annan bakgrunn enn det strengt lokale, som i Ole Bulls  komposisjon ”I ensomme stunder”.  Vakkert. Stilfullt. Deretter fekk vi høre hardingfelespel av yngstemann i Hemsing-familien, Andris Hemsing, teleslåtten ”Fossegrimen”. Friskt og djervt framført.
Per Arne Dahl er ein god talar. Han tala ikkje minst over dei latinske orda ”Semper major” – ”alltid større” på ulike område - ikkje minst over kor viktig det er å trekkje fram dei positive kreftene hos seg sjølv og hos andre. Vi treng stadig å bli minna om det. Dahl kan dei retoriske verkemidla, og latteren sat innimellom laust. Etter kaffipause stod Eldbjørg og Ragnhild Hemsing fram, stilfulle i lange konsertkjolar, godt støtta av pianisten Helge Kjekshus, som elles burde ha vore presentert på lik line med dei andre. Han synte sin store musikalitet i det vidtfemnande klassiske repertoaret, som spende frå norsk musikk; Lindemann, Sinding, Grieg, Sparre Olsens ”Seks bygdeviseur frå Lom” til franske  Claude Debussy. Publikum reiste seg i spontan applaus til slutt over teknisk brillians og stor musikalitet, temperament og vare stemningar – utført med stor innleving frå solistane -  bunde saman på ein enkel og truverdig måte på godt valdresmål av Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.  Jau, vi gjekk rikare ut i den vårlege Skåbu-kvelden etter denne konserten. Og himmelen vart høgare au.

 

Kilde: Dølen Foto: Marit Olave Sande