| Stor dag i Skåbu |
|
Endelig var den på plass! Spelemannen, komponisten, folkemusikksamlaren, diktaren og den praktiske lokalpolitikaren Torger Iverstugun har endeleg fått sin minnepark og bauta.-Endelig står vi her, sa leiar for Bygdautvalet i Skåbu, Unni B. Kluge, då ho sist laurdag ynskte skåbyggingar og andre gjestar velkomne til Iverstuguparken og avdukingsseremoni. Ho fortalde stutt om draumen om å kunne reise eit minnesmerke over Torger, ein draum s om det eigentleg har teke fleire tiår å realisera. Ho avslutta med å takke Ole Christian Risdal for at han hadde teke leiinga for arbeidet, og som med stø kurs mot målet hadde prosjektet realisert på litt over eitt år. Det er mange å takke, både for pengar og arbeidsinnsats, men utan Ole Christian som leiar – og med nokre nervøse damer frå Bygdautvalet som klamra seg til pengesekken – hadde det nok ikkje gått så greit, meinte ho, og takka med ein blomebukett ”med Skåbubjølle på” til varm applaus frå eit talrikt publikum. Det var helsing og lovord frå fleire talarar. Ordførar Tove Haugli helsa, og fortalde at dette var det tverrpolitisk einigheit om. Det var ingen debatt då dei for vel eit år sidan bevilga 112.000 kroner til dette arbeidet, fortalde ho. Ola Eggen og Arne Risdal, seniorar i spelemannsmiljøet i Espedalen og Skåbu, har båe spela saman med Torger, og dei fekk så æra av å avduka bautaen. Deretter spela dei ein vals etter Torger, som i alle fall Ola hadde lært direkte av komponisten. Dette var nok ei sterk stund for mange. Kunstnaren, Merete Sejersted Bødtker, fekk også ein takk og ei blomehelsing. Ho takka for tilliten, og kunne fortelja at ho hadde prøvd å få fram det hissige, nesten diabolske uttrykket som Torger fekk når han spela som hardast. At ho hadde lukkast var det ingen tvil om. Alle tyktes fornøgd med det dei såg. Ole Christian Risdal avslutta med å lesa diktet ”Tonen” som Torger skreiv i takksemnd for dei emna han hadde fått som kunstnar. Deretter inviterte han alle til fest og konsert på bygdahuset. –Det bli’ vel påheillan te’ utpå mårråsi’a e’von”, meinte han, og slik vart det. Kilde Dølen |