|
"LOOK TO SKÅBU"
Av Per Ottesen
Det er 1. januar 2010. Klokka er 10:30, og det er på tide å koma i gang med ein sein frukost så vi kan vera klare for årets nyttårskonsert frå Wien.
Høyrast dette kjent ut? Javisst – ”same procedure as every year, James”! Vi treng slike tradisjonar så vi får ein ”kontrollert start” på det nye året. Det er ikkje mykje vi veit om det som ligg framfor oss i året som ligg der ubrukt, så det er greit at starten er god og trygg.
Det gamle året som nå er unnagjort, derimot, veit vi mykje om. Dette er også dagen for å sjå attende og tenkje igjennom kva vi har brukt dette året til og kva vi kunne ha gjort annleis. Eller er vi stort sett nøgde? Svara på dette er nok akkurat så mange som det finns folk. Eit av dei mindre positive svara som truleg står på lista for dei fleste er at vi ikkje har gjort nok. Vi har ikkje nytta året så godt som vi hadde tenkt den 1. januar 2009, og slik vart det visst året før også – og alle tidlegare år. Vi har så store ambisjonar for bruken av det nye året, men nyttårsforsetta har ein lei tendens til å bli borte i kvardagens kav og mas. Men noko har vi da fått gjort, både på godt og vondt, og analysa kan ta til. 2009 var for meg eit år med dei store kontrastane. Eg fekk med meg åtte månader som aktiv journalist her i Dølen, og det lærte meg i alle fall kvifor journalistar blir kalla ”bladfyk”. Etter mi tolkning av ordet tyder det ein som fer hit og dit i relativt stor fart, og for ein mann i min alder henda det nok at farten var meir enn stor nok. Å vera journalist i ei lita lokalavis er ikkje nokon ni til fire-jobb, nei. Ein er eigentleg på jobb til alle tider. Men du så spanande det var! Eg har møtt folk på ein heilt annan måte enn før. Eg har møtt nye folk, og fått innsyn i for meg nye miljø, og det har vore ei svært interessant og gjevande tid. Det viktigaste eg har fått med meg er innsynet i mangfaldet av aktivitetar i bygdene våre. Det blir klaga over at ingen ting skjer, og at det manglar tilbod. Det er slett ikkje sant. Det finns eit stort og breidt tilbod til dei fleste når det gjeld organiserte aktivitetar, og det er eldsjeler i kvar ein krok, som arbeider positivt for at bygda, grenda eller nabolaget skal bli ein enda betre plass å bo i. Det er lag og foreiningar for det meste av fritidsaktivitetar. Det er tilbod om utstillingar, foredrag, teater, musikk og anna underhaldning, politisk aktivitet, idrett, religiøs verksemd, kurs, skular og rett og slett sosialt samvær. Det er kanskje ”dørstokkmila” som er største hindringa for mange når det gjeld å finne sin plass – ikkje mangelen på moglegheiter. Og så er det lov å starte noko sjøl, viss du meiner at det er tilbod som manglar. Eg skulle kanskje ikkje nemne nokon spesielt, men eg kan ikkje dy meg frå å si ”sjå på Skåbu”. Eg har gjennom denne tida fryda meg mang ein gong over pågangsmotet, fantasien og evnen dei har til å skape tilbod til alle – store og små – og til å ”lyfte” bygda som dei er så stolte av. Til slutt får eg understreka at eg slett ikkje har slutta heilt her i Dølen. Den faste spalta mi om ”dølen før i tida” vil eg halde fram med, og det blir nok eit og anna oppdrag elles også. Eg lyt nytte høvet til enda ein gong å etterlyse bilde, både gamle og nyare, gode historiar – ja, tips og hjelp av alle slag for å halde spalta mi i gang. Ring gjerne til meg, skriv eit brev eller stikk innom redaksjonen med stoff som du meiner kan vera av interesse.
Og til dykk alle: Eit riktig godt nytt år!
Kilde: Dølen |